Paragneis er gneis som er danna ved omdanning av opphavlege sediment. Viss det har vore mykje leire i opphavssedimentet, vil det vanlegvis vere mykje glimmer i paragneisen, i tillegg til granat, kyanitt og staurolitt. Opphavsbergartar som har bestått av meir stand, vil gje mykje kvarts i paragneisen.
Forstavinga para- saman med namnet på ein metamorf bergart vert gjerne nytta for å vise at han er danna frå eit opphavleg sediment.